OPPLEVINGAR FRÅ LÆRDAL!

Norsk Villakssenter ligg på breidda av Lærdalselva – ei av dei mest kjende lakseelvane i Norge. Dei besøkjande får innsyn i livshistoria til atlanterhavslaksen og tradisjonane kring laksefisket. Senteret har eit eineståande lakseobservatorium med villaks og sjøaure. Her kan du sjå storlaksen på nært hald. Prisløna film om laksens liv – sett med augene til laksen sjølv. Flugebindarverkstad, natursti, reiseminnebutikk og kafe/restaurant.

Ny inter-aktiv utstilling i 2008: «DEI ENGELSKE LAKSELORDANE»

Tider
Sted Fra dato Til dato Fra kl. Til kl.
Norsk villakssenter 16.08.2010 30.09.2010 10:00 17:00 Mandag – Søndag
Norsk Villakssenter 15.06.2010 15.08.2010 10:00 19:00 Mandag – Søndag
Norsk Villakssenter 01.06.2010 14.06.2010 10:00 17:00 Mandag – Søndag

Aurlandsvegen

Fjellvegen mellom Aurland og Lærdal – Aurlandsvegen – FV 243 er open for biltrafikk frå ca. 1/6 til 15/10. Frå Aurland til utsiktspunktet, Stegastein, er vegen open heile året. Vegen har fått tilnamnet «Snøvegen» p.g.a. at ein ser snø langs vegen mesteparten av sommarmånadene.
Avstand Aurland-Lærdal er 48 km. Høgste punktet på vegen ligg 1306 m.o.h. med flotte utsiktspunkt. Vegen er kandidat til nasjonal turistveg.
NYTT PANORAMA UTSIKTSPUNKT på Stegastein , 6 km frå Aurlandsvangen – parkeringsplass + toalett.

Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje er bygd kring år 1180. Kyrkja er svært godt bevart, og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.
Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas. Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler. I heile bygningen er det ikkje ein einaste bolt eller nagel av metal. Stavkyrkjene er det viktigaste Norge har ytt til verdsarkitekturen av dei eldste trebygningane i landet.
«UNIKE VIKINGTIDSFUNN» – ny permanent utstilling om vikingtidsfunn som vart avdekt på Bjørkum i 2009.
FAKTA: Treskipet søylestavkyrkje med 12 stavar, frittståande klokkestøpul er truleg frå samme tidsalder.
Apsis, svalgang og småtårn vart tilføyd truleg på 1200-talet.
Kyrkja får preikestol i 2.del av 1500-talet.
Kring 1650 får kyrkja altertavle.
På 1870-1880- talet vart kyrkja restaurert. Bl.a. vart vindauga frå etterreformatorisk tid fjerna.
Kyrkja tilhøyrer Fortidsminneforeningen.

BESØKSSENTER – med utstilling om stavkyrkjene sin rolle i det religiøse livet i mellomalderen.
Kafe, suvenirbutikk og stillerom.

Borgund stavkyrkje ligg på Historisk Rute – midt mellom Vindhellavegen og Sverrrestigen; Start rundturen frå kyrkja og du får ein kjempeflott vandring på 1.5 time

Tider
22.08.2010 – 30.09.2010 10:00 17:00 Mandag – Søndag
11.06.2010 – 21.08.2010 08:00 20:00 Mandag – Søndag
01.05.2010 – 10.06.2010 10:00 17:00 Mandag – Søndag

Flåmsbana.

Opplev Flåmsbana – ei utruleg togreise mellom høyfjellstasjonen Myrdal på Bergensbanen ned til Flåm stasjon heilt innerst i Aurlandsfjorden. Det finst ingen anna adhesjons-jernbane på normalspor i heile verda som er brattare enn Flåmsbana. Høgdeskildnanden er på 865 meter.

Bygginga av bana vart starta opp i 1923 og strekninga vart opna for dampdrift i 1940, men først i 1944 vart den elektrisert. Bana går i sløyfer på fleire nivå inn og ut av fjellet i bratte stigningar og knappe svingar for at toget kan snegle seg opp og ned dei bratte hengene. Nesten 80 % av jernbanesporet har ein stigninggrad på 55 promille -dette tilsvarar ein stigning på 1 meter på 18.

Toget brukar ca. 1 time på dei 20 km gjennom den tronge og bratte Flåmsdalen. Med utsikt til fossefall og mektige fjell køyrer toget sakte eller stoppar ved dei aller finaste utsiktstadene som ved Kjosfossen. Bana har 8 haldeplassar der passasjerane kan stiga på/av toget dersom dei vil gå til fots eller sykla. Dei fleste tog har korrespondanse med tog på Bergensbanen. Avgangar på Flåmsbana er frå 4 daglege avgangar oktober – april til 10 daglege avgangar mai-september.
For å lære meir om Flåmsbana si historie anbefaler me eit besøk ved Flåmsbana Museet. Ope heile året. Mai-september 09.00-17.00. Reduserte opningtider utanom denne perioden.
Dei magiske kvite grottene i Gudvangen

Ei spennande tur i det kvite anortosit-fjellet. Ruta fører gjennom lys og mørke, fargar, musikk, stilheit og ro, rennande vatn. Griegmusikk, troll og vikingar. Ei anleis kunstoppleving til ettertanke og fornying som vil bli hugsa.