OPPLEVINGAR FRÅ STRYN

Briksdalsbreen
Briksdalsbreen er ein av dei villaste brearmane til Jostedalsbreen. Den er og ein av den mest besøkte attraksjonar i Norge. Breen ligg i enden av den vakre Oldedalen, om lag 20 km frå Olden.

Lodalen og Kjenndalsbreen
Lodalen og Kjenndalbreen er også ei oppleving du bør få med deg. Vakker natur og dalen si dramatiske historie gjer Lodalen spesiell. Her vil ein oppleve vill, vakker og kontrastrik natur med høge fjell og brearmar.

Bødalen og Bødalsbreen
Bødalen er ein sidedal til Lodalen, og innerst i dalen finn vi den vakre Bødalsbreen, som er populær for brevandring. Bødalen er også eit populært turområde.

Jostedalsbreen Nasjonalpark
Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa. Nasjonalparken varierer frå frodige dalar til alpine fjell og arktisk klima. Kjernen av nasjonalparken er urørt landskap og kan berre nåast til fots. Nasjonalparken vart oppretta i 1991 og dekka eit område på 1310 km2, og har kring 600 000 besøkande kvart år.

På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn kan ein gjennom film, video, dataprogram og modellar lære om isbreen og landskapet som er forma av vatn og is. På senteret kan ein også melde seg på guida naturstivandringar og breturar

Stryn Sommerskisenter
Stryn Sommerskisenter er det mest kjende sommarskisenteret i Nord-Europa, med flotte forhold gjennom heile sommarsesongen.

Skåla (1.848 m.o.h.)
På 1848 meter over havet er ein på toppen av Skåla i Loen. I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med 22 sengeplassar. I alle år har dette vore eit populært fjellmål. Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.

Hornindalsrokken (1.529 m.o.h.)
Hornindalsrokken ligg på grensa mellom Hornindal og Sunnmøre, og er eit populært turmål for spreke friluftsfolk. På toppen har ein god utsikt til store deler av Nordfjord og Sunnmøre. Eit kjend utsiktspunkt mot Hornindalsrokken er ved Honndøla bru, bygd 1810.